tannlegerinorge.no
For tannleger  

Øystese Tannklinikk

Øystese tannklinikk held til i Øystese, 10 minutt frå Norheimsund i retning Voss. Her vil du møte tannlege Miriam Sørheim Almeland MNTF og autorisert tannhelsesekretær Mailen Mo Rønnåbakk.

Vi starta opp i juni 2016 og har no gradvis pussa opp lokala med nytt og moderne utstyr, beroligande fargar og heimekoseleg interiør. Vi tilbyr fagleg gode tenester, og fylgjer Den Norske Tannlegeforening sine krav til fagleg oppdatering. Ikkje minst ynskjer vi å gjere tannlegebesøket så BEHAGELEG som råd, spesielt for alle dei som kvir seg til å kome.

Når du kjem til undersøking og behandling hjå oss, vil du få ein stor grad av KONTROLL over det som skal skje. Vi informerer deg om funna vi gjer og eventuelle behandlingsalternativ. Dersom du ynskjer det, vil du kunne vere med å bestemme kva behandling som skal gjerast.

Vi tilbyr TANNLEGEVAKT til eigne takstar, så langt det let seg gjere. Du når oss stort sett alltid på vårt faste telefonnummer, også ettermiddag, kveld og i helger.

Fakta om Øystese Tannklinikk


Typer oppdrag

Øystese Tannklinikk er registrert i følgende bransjer:
Privat tannlege


Her tar vi oppdrag

Øystese Tannklinikk tar oppdrag i følgende fylker:
Hordaland, Vestland


Besøksadresse

Hardangerfjordvegen 615
5610 Øystese



Finn frem til oss


Ta kontakt med oss i dag

Klikk på en av knappene eller benytt skjemaet nedenfor.